Stilla

2006-12-05

Det har vore litt stille herifrå i det siste, og eg er glad for alle oppmodingane eg har fått om å levera meir «teknisk revy». Fyrst og fremst kjem stilla av at me har flytt inn i ein ny heim (faktisk utanfor ringvegen, om enn berre så vidt). Der vantar for tida både TV og Internet, men me arbeider for å løysa problema dette informasjons- og kommunikasjonsunderskotet fører med seg. Livet mitt kan du lesa meir om på Pratmakeriet. Dessutan er arbeidet med hovudoppgåva mi ganske intensivt, og eg har teke på meg mykje lønsarbeid for tida.

Elles har eg mora meg mykje i det siste med Europa Universalis (II) [EU2], eit spel i same stilen som Hearts of Iron (II) [HOI2]: båe frå Paradox, og båe med same motoren i botn. Kort sagt, det er statsbyggjarspel, der du styrer eit land gjennom verdshistoria: Militær utvikling og krig spelar sjølvsagt ei rolle, men handel, diplomati, religion og statsstyringsstrategi er minst like viktige faktorar. Der HOI2 tek føre seg åra rundt andre verdskrigen, har EU2 eit større skop: Frå hundreårskrigen i 1419 til Napoleonskrigane i 1819!

Det er vanskeleg å skildra den avanserte og elegante spelmekanikken, men det er freistande å skildra det som ei historisk korrekt «nerdeutgåve» av klassikaren Civilization. Eg kan gje eit døme: Eg spela England, og slutta fred med Skottland og den franske alliansen ganske snart. I staden bestemte eg med for å leggja Eire under meg: dei låg der så forsvarslause. I utgangspunktet gjekk det greitt: Me hadde eit dårleg forhold i utgangspunktet, så eg fekk lov til å gå til krig. Den minimale irske hæren vart snart knust og hovudstatsprovinsen Ulster fall etter ei kort kringsetjing. Men, kva så: Var Eire mitt? Nei. Eg kontrollerte rett nok alle provinsane, men dei vart ikkje mine før eg slutta fred og tok til takke med halve øya i tributt. Det finst enno eit irsk kongedøme i provinsen Ulster.

Eg er ikkje komen lengre enn til 1430 enno, og framleis kan Europa verta mykje rart. Men det er kjekt med eit spel som til dei grader legg opp til å vera ein realistisk simulering av dei store trekka i europeisk historie. Det finst ei utviding, «Alternative Grand Campaign Event Exchange Project» (AGCEEP), som endrar spelet slik at det vert enno meir realistisk. Den har eg ikkje prøvt enno.

Vonleg kan eg melda tilbake meir om dette fine spelet seinare. Ein må ha god tid, og tolmod, for å spela det, og eg kan godt skjøna om folk som ikkje interesserer seg for Paul Kennedy-inspirert historie om «grand strategy» vil velja noko anna. Men Peter Englund har skrive ei fin melding av fysteutgåva av spelet.

Legg att eit svar