Magnus spurde kvifor eg sletta last.fm-profilen min. Godt spørsmål, sidan eg tidlegare hadde agitert heftig for at folk burde ta teknologien i bruk.
1. Våren 2006 var heile last.fm ganske elendig på grunn av ei større intern-omlegging av databasen deira. Dei tok ikkje mot nye tracks på nokon føreseieleg måte, og eg hadde kjensa av at listene mine vart noko underlege.
2. Sidan eg ikkje har iPod (etter at Shuffle-en min forsvann i Kairo), og eg faktisk høyrer på ein del musikk frå CD òg, synte last.fm-profilen berre kva eg høyrde på medan eg arbeidde ved datamaskina mi, og eg tenkte det gav eit rart bilete av kva eg høyrer på.
3. Eg er ein posør. Eg tok meg til tider i å høyra på musikk for å gjera listene mine “representative” for kva eg liker. Det kjendest litt dumt.
4. Sidan pkt. 1-3 hadde gjort listene mine så dårlege, valde eg å sletta profilen min i staden for å berre leggja han daud. Eg er ikkje framand for at eg kjem til å prøva last.fm att, for all del. Eg har stor sans for konseptet. Til no har ingen stole brukarnamnet “vagstol”.
2006-09-25 kl. 5:06 UTC
Shuffle-en din kjem jo att, som alt anna som forsvinn i Kairo, etter det eg har høyrt.
Det er klart, eg er litt uroa over at Black’s Wonderful Life lig gpå lista over det eg har høyrt på, men ærleg talt, kvifor skamma seg over det? God innvending om at listene ikkje representerer deg, men til no har ingen klart å ta ein back-up av hjernen og gjera presentera den grafisk på internett. I alle høve, på internett veit ingen at du er ein hund, som dei sa i 1995.
2006-09-30 kl. 21:47 UTC
Ja, eg skal høyra med Lars om han kanskje har funne han att.
Elles er eg eigentleg litt meir uroleg for Shuffle-en min, sidan han kom bort på ILI, ein skule der det for det meste var europearar og amerikanarar. Eg har vesentleg mindre tiltru til den jamne Joe Expat enn til Muhammed og Ahmed.
Til dette med hunden: Ja, det er sant det, jamvel om eg stort sett føretrekkjer å framstå som meg sjølv på Internett. Eg skal verkeleg få sett opp last.fm att, særleg dersom dei får programvaren sin til å verka saman med iTunes 7 på Mac att.
Einaste problemet er at den dumme MPIO-MP3-spelaren min ikkje held styr på kor mange gonger eg har høyrt på ein song.
Malapropos: Men eg vonar han iallfall verkar no, etter at eg fekk bytta den fyrste eg kjøpte. Dersom eg ikkje hadde hatt bruk for å kunne ta opp, ville eg så klart hatt ein iPod i staden.
2006-10-02 kl. 11:48 UTC
Eg ville nok valt ein MP3-spelar som var mindre ‘brukarvenleg’ enn iPod om eg skulle kjøpt meg ein ny.
Det er vanskeleg å få full kontroll over kva musikk som vert lagt inn tykkjer eg, når eg har nokre titals gb meir musikk enn det er plass til på spelaren. Eg klarer for eksempel ikkje å få iTunes til å prioritera nettkastar framfor musikkfiler. Og no må ein ha iTunes for å få programvareoppdateringane til iPod.
ITunes er utmerka for å lasta nett nettkastar, men det er for mykje styr med synkronisering og slikt.
2006-10-11 kl. 11:03 UTC
No har eg endeleg (historia kjem seinare) fått meg iPod att (iPod nano 1GB, 1. generasjon). Den synkroniserer etter kvart fint med last.fm, og eg har oppretta ein ny profil:
http://www.last.fm/user/tarjeiv
2006-10-11 kl. 11:22 UTC
Magnus: Du kan vel synkronisera podcastane automatisk og styra musikken manuelt?