Av og til ønskjer eg meg til Sverige. Særleg etter at eg nett har vore der, eller minna meg sjølv på kor kjekt SVT er i høve til NRK. Ein ting er at dei er så plettfrie sosialdemokratar og at gutane veit korleis dei skal kle seg. Ei anna sak er at militærhistorie er ein anstendig fagdisiplin i Sverige. Ei tredje sak at historikarar offentleg snakkar om at dei liker å spela krigsstrategispel. Puh.
I vår følgde eg førelesingane i emnet “Krig og konflikt” på Blindern. Eit svært godt emne, mykje takk vera dei gode førelesarane Hobson og Surlien. Det har inspirert meg til å setja meg meir inn i “operativ” krigshistorie, og i sumar har eg lese D-dagen av Michael Tamelander og Niklas Zetterling, og eg held på med Antony Beevors Stalingrad.
Eg har òg gjeve meg i kast med to strategispel. Kjært barn har mange namn, på engelsk heiter det wargames eller conflct simulations (consims), men krigsspel høyrest ut som fyrstepersons skytespel og konfliktsimulering som eit bedriftsutviklingstiltak. Det fyrste er brettspelet Memoir ‘44, som let deg spela slaga på Vestfronten 1944-45. Det andre er det svenskutvikla dataspelet Hearts of Iron II, som simulerer andre verdskrigen i eit stor-strategisk perspektiv.
Båe utnyttar formatet sitt svært godt og båe har reglar som oppmodar om utforsking og leiking. Kort sagt, det er spel som knapt fantst for fem-seks år sidan (då eg spela rollespel for siste gong), og dei verkar minst like nyskapande som Civilization var i si tid. Eg innser at det vert for mykje å skildra dei båe i dette innlegget, så dei kjem som to åtskilde meldingar. Følg med!
2006-09-08 kl. 19:08 UTC
Korleis var eigentleg Stalingrad av Beevor?
Me skulle nesten hatt eit møte med Borgersrud om Beevor og historieskriving.
2006-09-09 kl. 10:59 UTC
Eg må vedgå at eg ikkje er heilt ferdig enno. Dei sidene (ca. halve boka) som handla om framrykkinga mot Stalingrad, gjekk svært fort unna, men det stoppa litt opp då eg kom til sjølve slaget. Eg merkar òg at det er tyngre å “koma i gang” att med ei bok på svensk [eg les tilfeldigvis Stalingrad i svensk omsetjing] enn det på norsk eller engelsk.
Når det er sagt, tykkjer eg at Zetterling/Tamelander eigentleg skriv betre enn Beevor (men eg ser fram til å lesa Spania-boka til Beevor, altså). Eg har ikkje analysert meg fram til nett kvifor, men eg trur det er fordi Beevor har meir lada personskildringar. Det er vel elles ikkje stor skilnad på dei: dei er jo samde om at nazistane hadde overlegne våpen og taktikk, medan Sovjetunionen/USA var ressursmessig overlegne, og hadde ein strategi som utnytta dette. Når det er sagt, så tykkjer eg at Beevor går langt i å karakterisera Stalins strategi som “sidan offiserane mine er duglause, er det nok best å satsa på å drukna fienden i vårt eige blod”, men eg har lese for lite om krigen i aust til å vurdera framstellinga hans.
Eg trur det kan vera ein førebels konklusjon: Stalingrad av Beevor er ein grei introduksjon. Det er stort sett berre krigen i Vest-Europa og Noreg eg har lese noko særleg om før, så eg kan vanskeleg vurdera boka opp mot litteraturen på feltet.
* * *
Eg er heilt einig i siste utsegna di, forresten. Det er gjeve ut veldig mykje populær- og semipopulærhistorie om andre verdskrigen dei siste åra (det er ikkje mange historiebøker som kjem ut i pocketformat på norsk og vert selde for 100 kr på Narvesen, men både Beevor og Zetterling/Tamelander har greidd det). Openbert eit tema som kunne fengja.
2006-09-09 kl. 11:14 UTC
[...] Recent Comments Tarjei on StrategiarJan Erik on StrategiarTarjei on Ei mørk spelarfortidMarkus on Ei mørk spelarfortidvagstol on Ei mørk spelarfortid [...]
2007-01-25 kl. 10:09 UTC
[...] spurde om kva eg eigentleg tykte om Anthony Beevor: Stalingrad. Det var vanskeleg å svara på, sidan eg enno ikkje er ferdig, men det minna meg om at eg har ei ganske stor liste med bøker [...]