Arkiv for juli, 2006

Ei mørk spelarfortid

2006-07-30

Strategispela får meg til minnest alle dei timane eg bruke i ungdomen på å spela rollespel. Rollespel er på alle måtar noko anna enn strategibrettspel: I staden for spelebrett og styrkar, har ein berre ein rolleperson [no: RP. Det engelske omgrepet er PC, Player Character] med ulike særdrag og den historia som spelarane og spelleiaren [no: SL, engelsk GM, Game Master] byggjer i lag. Det er framleis simulering, men på eit anna nivå.

Medan “realistiske” reglar vert verdsedde i krigsspel, reknar mange rollespelarar avanserte reglar nesten for å vera barnslege. Ei betydeleg gruppe ser på rollespel som nærast impro-teater eller simultan-litteratur. Eg tykkjer det er å gå litt langt (men så har eg knapt spelt live-rollespel heller). I gruppa eg spelte rollespel med på vidaregåande (1993-96), var me ganske opptekne av reglar, og eg trur spela me spelte spegla det òg.

At eg har byrja å spela spel att, har inspirert meg til å mimra litt over rollespelfortida mi. Den ubudde lesaren er med dette åtvara: Dette er ikkje ei sakleg framstelling, men meir ungdomsminne. Detaljane frå spela og spelinga er slik eg minnest, og eg har ikkje gjort noko for å korrigera det i etterkant. Dei som ikkje bryr seg om mimring, kan lesa noko anna. Frå alle andre er eg glade for kommentarar.

Les resten av dette innlegget »

Monopol

2006-07-21

Dette handlar ikkje heilt om krig, men iallfall om spel.

Det er mange år sidan eg har spela Monopol no. Då eg var unge, var Monopol det brettspelet eg likte definitivt best, heilt til spørjespela Trivial Pursuit og Geni dukka opp. Samtidig fantst det variantar som “Millionær” (og “Multimillionær”) som hadde meir komplekse reglar, men eg må vedgå at eg aldri spelte desse meir enn nokre fåe gonger.

No har eg lært at dei første utgåvene av Monopol var laga som simuleringsspel for å demonstrera føremonane med georgismen, ein ideologi om at all grunnrente (forteneste på natureigedomar) skal gå til samfunnet, ikkje eigaren. I dag er vel Monopol eit reint selskapsspel, særleg sidan sjanse er ein avgjerande faktor.
Engelsk Wikipedia har (som vanleg) den mest utførlege artikkelen om Monopol.

Krigen

2006-07-20

Det kjenst litt rart å skriva innlegg om andre verdskrig-spel no, når Israel har gått til verkeleg krig i mot Libanon og det er reell fare for at det i beste fall vert blodig, i verste fall at det eskalerer til full krig i meir enn berre Sør-Libanon. Når eg ser filmklyppa av tanks som rullar over TV-skjermen, av flyktningestraumen i Libanon eller av øydeleggingane som bombarderinga fører med seg, gjer det veldig vondt. Ein ting er å driva gerilljakrig mot ein okkupant, eller der ein har tilgang til frigjorte baseområde. Ein heilt annan ting er å stå imot moderne “shock and awe”-krigføring i felten, avskore frå forsyningslinjene.

Les resten av dette innlegget »

Memoir ‘44

2006-07-18

Bilete frå www.boardgamegeek.comEg må byrja med brettspelet Memoir ‘44. Det kom i samband med 60-årsdagen for invasjonen i Normandie, men eg skaffa meg det først no, to år etterpå. Det er utforma av Richard Borg, som har laga liknande spel som dekkjer den amerikanske borgarkrigen og frå førmoderne krigføring. I gamle dagar var krigsspel hundrevis av små pappbrikker (gjerne med militære symbol for einingstypar) og kompliserte reglar for å dekkja opp alle moglege faktorar som påverka utfallet i eine eller hi retninga. Memoir ‘44 har ingenting av dette. Det er det amerikanske brettspelarar kallar eit “eurogame”. I mine augo er det ein vellukka fusjon mellom familiespel (som Monopol) og krigssimuleringane frå 1970-talet. Så langt har eg berre hatt ein spelkveld over Memoir ‘44, men det vert nok fleire når me får områdd oss i sumarvarmen.

Les resten av dette innlegget »

Strategiar

2006-07-17

Av og til ønskjer eg meg til Sverige. Særleg etter at eg nett har vore der, eller minna meg sjølv på kor kjekt SVT er i høve til NRK. Ein ting er at dei er så plettfrie sosialdemokratar og at gutane veit korleis dei skal kle seg. Ei anna sak er at militærhistorie er ein anstendig fagdisiplin i Sverige. Ei tredje sak at historikarar offentleg snakkar om at dei liker å spela krigsstrategispel. Puh.

I vår følgde eg førelesingane i emnet “Krig og konflikt” på Blindern. Eit svært godt emne, mykje takk vera dei gode førelesarane Hobson og Surlien. Det har inspirert meg til å setja meg meir inn i “operativ” krigshistorie, og i sumar har eg lese D-dagen av Michael Tamelander og Niklas Zetterling, og eg held på med Antony Beevors Stalingrad.

Eg har òg gjeve meg i kast med to strategispel. Kjært barn har mange namn, på engelsk heiter det wargames eller conflct simulations (consims), men krigsspel høyrest ut som fyrstepersons skytespel og konfliktsimulering som eit bedriftsutviklingstiltak. Det fyrste er brettspelet Memoir ‘44, som let deg spela slaga på Vestfronten 1944-45. Det andre er det svenskutvikla dataspelet Hearts of Iron II, som simulerer andre verdskrigen i eit stor-strategisk perspektiv.

Båe utnyttar formatet sitt svært godt og båe har reglar som oppmodar om utforsking og leiking. Kort sagt, det er spel som knapt fantst for fem-seks år sidan (då eg spela rollespel for siste gong), og dei verkar minst like nyskapande som Civilization var i si tid. Eg innser at det vert for mykje å skildra dei båe i dette innlegget, så dei kjem som to åtskilde meldingar. Følg med!