Gå vidare, det er ingenting å sjå her

2007-01-25

Eg har teke eit steg oppover i net.citizen-hierarkiet, og kjøpt kontrollen over domenet www.vagstol.net. Planen er å samla rusk og rask der, og no var tida komen til Strøtankar-bloggen.

Alle innlegga herifrå er no flytt over der, men vagstol.wordpress.com vert liggjande. Eg fekk ikkje til å flytta kommentar-feltet, og i mine augo var det kanskje det mest interessante. Men alle nye innlegg kjem på www.vagstol.net.

Takk for følgjet, eg vonar de vert med vidare.


Nynorsk programvare

2006-12-06

For nokre år sidan var nynorsk programvare den store kampsaka til målrørsla. Eg er ganske vane med at dei gode sakene eg kjemper for er tapte, men når det gjeld nynorsk programvare er det heller motsett. Det har gått utruleg bra. Open programvare (som KDE og OpenOffice) var sjølvsagt fyrst ute. Så kom Microsoft Office 2003 på nynorsk. Tidlegare i haust kom Mozilla Firefox 2.0 på nynorsk. Så, no, kan ein endeleg snakka om at datamaskina faktisk har eit nynorsk grensesnitt (dersom ho køyrer Windows, rett nok): Microsoft har slept ei nynorsk språkpakke for Windows XP (greitt nok, pakka vart lansert på landsmøtet i Noregs Mållag i vår, men no er ho altså fritt tilgjengeleg for nedlasting).


Stilla

2006-12-05

Det har vore litt stille herifrå i det siste, og eg er glad for alle oppmodingane eg har fått om å levera meir «teknisk revy». Fyrst og fremst kjem stilla av at me har flytt inn i ein ny heim (faktisk utanfor ringvegen, om enn berre så vidt). Der vantar for tida både TV og Internet, men me arbeider for å løysa problema dette informasjons- og kommunikasjonsunderskotet fører med seg. Livet mitt kan du lesa meir om på Pratmakeriet. Dessutan er arbeidet med hovudoppgåva mi ganske intensivt, og eg har teke på meg mykje lønsarbeid for tida.

Elles har eg mora meg mykje i det siste med Europa Universalis (II) [EU2], eit spel i same stilen som Hearts of Iron (II) [HOI2]: båe frå Paradox, og båe med same motoren i botn. Kort sagt, det er statsbyggjarspel, der du styrer eit land gjennom verdshistoria: Militær utvikling og krig spelar sjølvsagt ei rolle, men handel, diplomati, religion og statsstyringsstrategi er minst like viktige faktorar. Der HOI2 tek føre seg åra rundt andre verdskrigen, har EU2 eit større skop: Frå hundreårskrigen i 1419 til Napoleonskrigane i 1819!

Det er vanskeleg å skildra den avanserte og elegante spelmekanikken, men det er freistande å skildra det som ei historisk korrekt «nerdeutgåve» av klassikaren Civilization. Eg kan gje eit døme: Eg spela England, og slutta fred med Skottland og den franske alliansen ganske snart. I staden bestemte eg med for å leggja Eire under meg: dei låg der så forsvarslause. I utgangspunktet gjekk det greitt: Me hadde eit dårleg forhold i utgangspunktet, så eg fekk lov til å gå til krig. Den minimale irske hæren vart snart knust og hovudstatsprovinsen Ulster fall etter ei kort kringsetjing. Men, kva så: Var Eire mitt? Nei. Eg kontrollerte rett nok alle provinsane, men dei vart ikkje mine før eg slutta fred og tok til takke med halve øya i tributt. Det finst enno eit irsk kongedøme i provinsen Ulster.

Eg er ikkje komen lengre enn til 1430 enno, og framleis kan Europa verta mykje rart. Men det er kjekt med eit spel som til dei grader legg opp til å vera ein realistisk simulering av dei store trekka i europeisk historie. Det finst ei utviding, «Alternative Grand Campaign Event Exchange Project» (AGCEEP), som endrar spelet slik at det vert enno meir realistisk. Den har eg ikkje prøvt enno.

Vonleg kan eg melda tilbake meir om dette fine spelet seinare. Ein må ha god tid, og tolmod, for å spela det, og eg kan godt skjøna om folk som ikkje interesserer seg for Paul Kennedy-inspirert historie om «grand strategy» vil velja noko anna. Men Peter Englund har skrive ei fin melding av fysteutgåva av spelet.


Alt saman

2006-10-25

Dei som ikkje les denne bloggen gjennom ein RSS-lesar legg sikkert merke til to nye boksar i venstremargen: «Hitlista førre veka» og «På andre sider». Hitlista vert automatisk generert frå last.fm-profilen min (meir reklame og informasjon i neste Teknisk revy), og «På andre sider» er innlegg frå andre bloggar eg les.


Teknisk Revy, september 2006

2006-10-01

Då eg starta på dette prosjektet, sette eg meg føre å ikkje skriva om teknologi og Web 2.0 og slikt. Eg gjer eit lite unnatak for det, og innfører no ei ny spalte, Teknisk revy. Ho kjem ikkje til å dukka opp meir enn ein gong i månaden. Denne gongen er tema Google, den nye datamaskina til Gudrun og fine programmar til OSX. Les resten av dette innlegget »


last.fm

2006-09-24

Magnus spurde kvifor eg sletta last.fm-profilen min. Godt spørsmål, sidan eg tidlegare hadde agitert heftig for at folk burde ta teknologien i bruk.

1. Våren 2006 var heile last.fm ganske elendig på grunn av ei større intern-omlegging av databasen deira. Dei tok ikkje mot nye tracks på nokon føreseieleg måte, og eg hadde kjensa av at listene mine vart noko underlege.

2. Sidan eg ikkje har iPod (etter at Shuffle-en min forsvann i Kairo), og eg faktisk høyrer på ein del musikk frå CD òg, synte last.fm-profilen berre kva eg høyrde på medan eg arbeidde ved datamaskina mi, og eg tenkte det gav eit rart bilete av kva eg høyrer på.

3. Eg er ein posør. Eg tok meg til tider i å høyra på musikk for å gjera listene mine “representative” for kva eg liker. Det kjendest litt dumt.

4. Sidan pkt. 1-3 hadde gjort listene mine så dårlege, valde eg å sletta profilen min i staden for å berre leggja han daud. Eg er ikkje framand for at eg kjem til å prøva last.fm att, for all del. Eg har stor sans for konseptet. Til no har ingen stole brukarnamnet “vagstol”.


Det som ingen andre vil ha

2006-09-19

Før hadde eg ein blogg som heitte Kva tenkjer Tarjei. Sidan det ikkje var noka meining i det eg hadde skrive der, sletta eg han. Vips, etter to månader ser eg at adressa er teken over av “cirrus casino code bonus”. Eg trur det er ein slags spam-metode eg ikkje har sett før, men eg tykte teksten var ganske vakker, nesten som beat-poesi.

If you have one of the best No longer available to Play at the bright. If you can be more bluffing on the. Much of game on the board comes from the margin between us nothing.


Leselista og -lysta

2006-09-09

Jan-Erik spurde om kva eg eigentleg tykte om Anthony Beevor: Stalingrad. Det var vanskeleg å svara på, sidan eg enno ikkje er ferdig, men det minna meg om at eg har ei ganske stor liste med bøker eg har tenkt å lesa når eg får samvet til å tenkja på andre ting enn norsk solidaritetsrørsle:

(og sjølvsagt ei rekkje bøker som ikkje handlar om militærhistorie og tilgrensande emne)


Twilight:2013

2006-08-15

Eit av dei rollespela som fascinerte meg i si tid, var Twilight:2000, eit rollespel der spelarane var soldatar utan hær i eit post-apokalyptisk Europa. Heile spelet var gjennomført militaristisk, og kampreglane var så detaljerte som dei kunne vera før spelet vart eit taktisk “wargame” a la Advanced Squad Leader.

Slik måtte det gjerne vera, òg. Simuleringselementet, der kamp med moderne våpen vart simulert på ein tilsynelatande realistisk måte, passa fint i hop med bakgrunnen. Dersom rollepersonane er militære, er det meiningslaust å avgjera ei trefning med eitt enkelt terningkast. TW:2000 er eit spel der ein enkel spelmekanikk hadde drept bakgrunnen.  Hah: Endeleg ein stad der regelsystem av typen “skriv opp tre ting du er flink til” ikkje er tilstrekkjeleg for “narrasjonen”.
Diverre såg det ut som om TW:2000 mista marknaden sin om lag samstundes som krigsspela gjorde det. Men no – lo and behold – ser det ut som om ei oppdatert utgåve er på veg, Twilight:2013. Utviklarane ser ut til å arbeida ganske grundig med å oppdatera bakgrunnshistoria (eit sentralt premiss for spelet er at verda er borten saman etter ei avgrensa atomkrig) og modernisera lista over våpen og utstyr (litt har då skjedd dei siste 20 åra, jamvel om det ikkje er mykje – norske soldatar har framleis AG3 som handvåpen). Spelet skal koma i 2007, ser det ut som.

Det ser òg ut som om dei planlegg eit heilt nytt regelsystem. Det kan vera bra, og det kan vera dårleg. På grunn av det eg nemner over, er det essensielt at eit militaristisk rollespel har “realistiske” reglar. Compendium of Modern Firearms gjekk kanskje litt langt, men poenget er likevel der. Eg har alltid tenkt på GURPS som eit godt alternativt regelsett, men det er vel liten sjanse for at det skjer.

Eg vonar at “93 Games Studio” let lina gå heilt ut, og kuttar ut den vanlege stilen med ei tjukk hovudbok og masse tynne småbøker i tillegg. Publiser alt saman i ein 4-ringsperm, slik ASL gjer! Om det ikkje er eit alternativ: Kvifor ikkje publisera TW:2013 i same forma som Oktober Forlag gav ut Militærskrifter i utvalg av Formann Mao? Kvifor må alle rollespelbøker koma i A4-format?

Kor som er: Om 93 Games faktisk greier å produsera TW:2000 3.0, er det ikkje direkte usannsynleg at eg kjem til å kjøpa spelet av reint nostalgiske årsaker.


Forsterkingar

2006-08-15

Etter spelet kom eg og Håvard fram til to punkt der reglane i Memoir ‘44 kunne vore betre, og ein enkel mekanikk for løysa båe.

Problema fyrst: 1. Det er eksplisitt ikkje lov å omgruppera styrkane sine. Eit døme på slik omgruppering kunne vera å slå saman to infanteri-einingar på halv styrke til ei eining på full styrke. 2. Det er ingenting å henta i “djupneforsvar”. Snarare tvert imot, dersom du har einingar på båe plassane “bak” ei eining som er under åtak, gjer det eininga i front meir sårbar, sidan han ikkje kan trekkja seg tilbake (altså: flagg vert rekna som treff).

    Eg mistenkjer at forbodet mot omgruppering heng saman med at ein får eit sigerspoeng kvar gong ein eliminerer ein heil eining frå motstandaren. Djupneforsvaret, derimot, burde vera lov. Difor kom me på ein regel som let deg halda ein posisjon “med store tap”.

    Omgruppering

    1. Einingar i tilskytande felt kan velja å omgruppera seg i staden for å flytta og skyta.
    2. Omgruppering tyder å flytta ein eller fleire brikkar frå eine eininga til hi.
    3. Det er ikkje lov å omgruppera seg til større styrke enn normalt.
    4. Dersom du eliminerer ei einig ved å gjennomføra ei omgrupperingsorde, vinn motstandaren eit sigerspoeng.